Fekk inga erstatning for flyfis

Ein mann på veg frå Oslo til Egypt fekk seg ein ubehageleg flytur – og kravde 2000 kroner i erstatning.

Mannen hadde kjøpt ein dyr billett for å sitja ekstra komfortabelt, men hamna rett ved doen, skriv NRK. Der vart det mykje dokø … og litt ekstra luft i kabinen, ifølgje klaga.

«Klagar måtte sitja ved ei rad av andre folks rumper, og det var nokon som feis medan klagar åt,» står det i ei klage behandla av Transportklagenemnda.

Men konklusjonen er klar: Flyselskapet SAS kan ikkje lastast for naturlege gassar i luftrommet. Dermed fekk mannen null kroner i erstatning – men ei veldig god historie å fortelja!

Her er 12 kule ting du kanskje ikkje visste om promping:

  • Me prompar om lag 14 gongar om dagen.
  • I gjennomsnitt prompar du ein halv liter tarmgass i løpet av eit døgn.
  • Eit menneskje kan til og med prompa etter at dei er døde.
  • Det meste av prompen din kjem frå luft du har svelgt gjennom mat eller drikke. Den er ofte luktfri og det gir ofte ein høg lyd.
  • Bakteriar i prompen kan gi små luftbobler. Desse blir ofte kalla smygarar, og kan lukte ganske vondt.
  • Illeluktande fjerting i små bilar har vist seg å føre til livsfarlege trafikksituasjonar.
  • Ein franskmann, Joseph Pujol, levde av å prompa. Han brukte å opptre, og kunne prompa ein heil song.
  • Verdsrekorden i talet på promp blei tatt av ein mann som prompa 141 gonger på ein dag.
  • Du prompar ekstra mykje av bønner, nøtter, erter, egg og kjøt.
  • Om du prompar i badekaret stig boblene opp mot overflata. Dette skjer fordi promp er lettare enn vatn.
  • Om du nektar å sleppe ut ein promp, går den tilbake til tarmen. Men fortvil ikkje. Den vil forsøka å kome ut litt seinare.
  • Fis, fjert, brakar, tarmgass og smygar er andre ord for promp.

Kjelde: Mageguiden.no