Stortinget: Rottefeller på plass rundt bygget

I Oslo sine gater kan ein snuble over rotter. Heller ikkje inngangen til dei som styrer landet vårt får vere i fred.

Rotter finst i heile Noreg, og helst der det finst menneske. Dei er altetande, og bur gjerne i kloakken.

Men dei stikk fjeset sitt fram og vandrar i gatene etter mat. No har ei rotte forvilla seg inn i inngangen til stortinget.

Halvvegs inne

Inngangen til stortinget har ei sluse: Først går du inn ei dør, for så å gå inn til ei ny ei. Den eine døra opnar ikkje før den andre er lukka.

Då politikar Bengt Fasteraune (61) frå Senterpartiet (Sp) kom til jobben ein morgon, gjekk han inn i denne slusa. Der sat ei rotte. Både Sp-politikaren og rotta tok det med ro, og Bengt klarte å vippe rotta ut døra med skotippen sin. Dette fortel han til VG.

Vil fjerne rottene frå Oslo sentrum

Det er fleire ting som er sett i verk for å halde rotter unna stortinget. Mellom anna har dei sett ut rottefeller både på innsida og utsida av bygget.

Sp-politikar Maren Grøthe (24) er heller ingen fan av rottene, og vil gjerne sjå at dei blir fjerna frå Oslo sine gater.

– Eg veit ikkje om det er Stortinget eller byrådet eller kven som skal setje inn tiltaka. Men på rovdyr så har me jo bestandsmål. Eg meinar at me burde kunne ha ein nullvisjon for rotter i Oslo sentrum, seier ho til VG.