I 2018 flytta Justine Osafo (15) til Noreg. No har ho spela ei stor rolle i filmen «Grevlingene».
– Eg var 13 år då eg spela inn filmen, og så vart eg 14 år på sett, seier ho til Framtida Junior.
På flyttefot
– Alle kalla meg fjortis på sett, held Justine fram.

I Noreg er det heilt vanleg å kalle 14-åringar for fjortis, men det var ikkje Justine klar over.
– Det var sånn eg fann ut kva fjortis betydde. Det var veldig morosamt, ler ho.
Året Justine fylte åtte, flytta ho og familien til Noreg. Ho vart fødd på Bali i Indonesia, og er også delvis ghanesar.
Først budde ho ei stund i Kristiansand, men det viste seg at dette ikkje var staden for ho.
– Eg spurde mamma «kan vi flytte til ein stad i byen?» fortel ho.
Ho kjende på at ho ikkje hadde så mange moglegheiter i Kristiansand, det vart ein kjedeleg stad for ho.
– Vi flytta først til Oslo, men det var litt for stort. Så då flytta vi til Stavanger, seier ho.
Måtte byte skule
Det har ikkje berre vore lett for Justine i Noreg. Då ho gjekk på barneskule i Kristiansand, opplevde ho noko som gjorde at ho skifta skule.
– Eg vaks opp i ein norsk barneskule der eg var einaste mørkhuda jente, seier ho.
Dette førte til at ho ikkje hadde så mange vener.
– Eg vart så sjukt mobba på skulen, så eg måtte flytte til ein internasjonal skule.
Dette byte førte til at ho fekk vere skodespelar i ein stor kinofilm.

Læraren gav ho draumen hennar
Då «Grevlingene» starta med innspeling, budde Justine og familien framleis i Kristiansand, og ho gjekk på Kristiansand International school.
– Korleis fekk du rolla som Jamila?
– Eine læraren min hadde kontakt med Paul, som regisserte filmen, seier Justine.
Læraren fekk vite kva det var regissør Paul Magnus Lundø leita etter i rolla som Jamila. Då skjedde dette:
– Skulelæraren spurde meg om eg ville vere med i ein film. Eg sa «JA!». Min største draum var å vere ein skodespelar, og det visste alle på skulen, seier Justine entusiastisk.

Ho har lyst til å vere med i fleire filmar og seriar, men spesielt éin sjanger står på toppen av lista.
– Eg har veldig lyst til å vere med i ein skrekkfilm, avslørar ho.
Kanskje kjem dette av at favorittscenene hennar å spele inn i «Grevlingene» var dei skumle scenene i ein tunnel som vart filma.
Fått ein besteven
Sjølv om det er godt over eitt år sidan Justine var med og spela inn «Grevlingene», har ho framleis kontakt med mange frå sett.
Spesielt Nils Elias Lea Olsen, som spela hovudrolla i filmen.

– Nils er bestevenen min i verda. Han er nummer éin for meg, kan eg seie, fortel Justine.
Det syns ho ikkje er så rart. Dei budde saman under innspelinga, og hang saman heile tida. No som Justine har flytta til Stavanger, så bur dei begge i same by.
– Etter innspelinga trur eg vi lovde kvarandre at vi alltid kjem til å vere der for kvarandre, så vi heng veldig mykje og ofte, og vi snakkar om veldig mykje rart, seier Justine.