Nils Elias Lea Olsen (13) spela hovudrolla i filmen «Grevlingene» som hadde Noregspremiere 19. september.
– Eg var jo sjokkert over å få hovudrolla i ein film. Eg hadde aldri gjort noko sånt før, seier Nils Elias til Framtida Junior.
Han er ikkje ukjend med skodespel. Faktisk har han gått på teater etter skulen sidan 2. klasse. No går han i 8. klasse. I tillegg spela han ei rolle i den norske filmen «Nordsjøen».

«Slå hardare»
Filminga av «Grevlingene» føregjekk i mai og juni i 2024. Sidan den gong har Nils Elias rokke å bli 13 år. Han var 11 under filminga.
No har han sett filmen rundt sju gongar. Og filmen minner han på alt som skjedde på sett.
– Det var veldig mange kule plassar vi filma på, seier Nils Elias.

Mellom anna hugsar han ei skytebane i nærleiken av Sokndal. Der fekk han spele ei spesiell scene der han skulle fike til rolla til Kristoffer Joner.
– Det kjendest veldig rart ut. Eg plar ikkje slå til vaksne i fjeset, og i alle fall ikkje ein så kjend skodespelar, seier Nils Elias.
Det gjorde at han slo til medskodespelaren på eit svakt vis i byrjinga.
– Han sa eg måtte slå hardare, og til slutt slo eg så hardt at filmskjegget hans fall av, fortel Nils Elias.
Vanskelege kjensler
Det som var mest utfordrande på sett, var å få fram handlingar, ord og kjensler i ei spesielt spent scene.
Alt er ikkje fryd og gammen i speidarleiren, nemleg. Men utan å avsløre for mykje frå filmen, så er det to stykk som endar opp i eit slagsmål.

– Det var så mykje som skjedde på ein gong. Det var slåsting og uttrykk, seier han. Dette kom i tillegg til replikkar.
Det å spele på kjensler er alltid vanskeleg, tykkjer Nils Elias.
Fann på mykje gøy
Å spele fienden til nokon du likar å henge saman med, er heller ikkje lett. I rollene sine skulle dei ikkje kome så godt overeins, men Nils Elias og Kristoffer Lycke Abrahamsen (16) vart gode vener under innspelinga.
– Vi budde i same hus i lag, seier Nils Elias.

Det var dei to og Justine Osafo (15) som budde saman under innspelinga.
– Vi fann på mykje saman, det var veldig gøy, seier Nils Elias.
Kristoffer og Justine har Nils Elias sett fleire gongar sidan filminga vart avslutta.
No nærmar det seg eitt år og fire månadar sidan dei spela filmen inn saman, så då var det fint å sjå att andre skodespelarar frå innspelinga.
– Det var veldig kjekt, eg har verkeleg sakna dei, seier han.