Karpe-billettar vart utseld på berre ni minutt

Har du høyrt om Karpe? Dei er ei av Noregs mest populære musikkduoar. Neste sommar skal dei ha tre store konsertar i Oslo.

Då billettane vart lagde ut for sal til konsertane på Ekebergsletta i Oslo, vart dei utselde på berre ni minutt!

Billettane kosta frå 1299 kroner for ein vanleg billett til 2499 kroner for ein VIP-billett. Likevel var interessa enorm. Mange tusen menneske prøvde å sikra seg plass til konsertane.

At billettane forsvann så raskt viser kor populære Karpe er. Fans gler seg til konsertane, men mange vart også skuffa fordi dei ikkje rakk å kjøpa billett før alt var utselt.