FAKTA: Om beveren
- Ein bever kan halda pusten under vatn i opptil 15 minutt.
- Beveren er eit av få dyr som byggjer bustader som andre artar også brukar.
- Hyttene har inngang under vatn, slik at rovdyr ikkje kjem lett inn.
Kjelde: Ung.forskning.no
Beveren gneg seg gjennom tjukke trestammar, lagar demningar og byggjer store hytter langs elvar og vatn. Hyttene kan sjå ut som ein haug med kvistar, men eigentleg er dei avanserte bustader med både soverom og plass til heile familien.
– Inngangane er under vassoverflata, og beverane dykkar rett inn i eit stort rom som fungerer både som symjebasseng for ungane og spisekrok for familien, fortel forskar Frank Rosell ved Universitetet i Søraust-Noreg til Ung.forskning.no.
Frå det store rommet grev beverane tunnelar lenger inn i elvebredda som leiar til eitt eller fleire tørre soverom. Men beverane har ikkje hyttene heilt for seg sjølv.
18 kamera
Forskarar i Telemark sette ut kamera på 18 beverhytter, og då fann dei ut at seks andre dyreartar også brukar hyttene. Både oter, mink, mus og småfuglar som raudstrupe og sivsporv dukka opp på kamera.
Kvifor gjer dei det? Kanskje fordi det er varmt der om vinteren, eller fordi det fanst matrestar og insekt i nærleiken. Kameraa tok berre bilete. Derfor var det vanskeleg for forskarane å svara på kva dyra eigentleg gjorda inne i hyttene.
No planlegg dei eit nytt prosjekt der dei skal følgja både beverar og «gjestane» deira endå nærare.
