Humler vel blomstrar nøye ut

Humler et ikkje pollen frå kva som helst blomster, ifølgje amerikanske forskarar.

Akkurat som menneske treng mat som gir både energi og byggjesteinar, treng humlene det same. Dei drikk nektar – ei søt væske i blomstrar som gir rask energi – og et pollen for å få protein og feitt.

Pollen er det gule støvet i blomstrar som inneheld næring. Protein er byggjeklossane til kroppen, både hos menneske og dyr. Feitt er også viktig fordi det gir energi og hjelper kroppen å fungera.

Ulikt innhald

Forskarane i USA fann ut at ulike blomstrar har ulikt innhald av næring. Det gjer at humler vel ulike blomster ut frå kva dei treng.

– All slags pollen inneheld protein, feitt og sukker. Men kvar type har ein ulik miks av næringsstoff. Nokon er veldig proteinrike – som ein biff. Andre er meir som salat, forklarer forskaren Justin Bain til Ung.Forskning.no.

På handletur

Humler med lange tunger kan nå inn i blomstrar som andre humler ikkje klarer. Desse humlene et ofte meir protein. Humler med kortare tunger et meir sukker og feitt.

Forskarane seier at humler og bier er litt som folk på handletur – dei vel ulikt. Derfor er det viktig at det finst mange ulike blomstrar, slik at det blir nok mat for alle slags humler.

Studien blei fyrst publisert i det vitskaplege tidsskriftet Proceedings of the Royal Society B.