– Det var kjekt å begynna på kvardagen igjen, men litt kjedeleg med skulearbeid, seier Hanna som bur i Kvinnherad kommune.
Ho synest det beste med å vera tilbake på skulen, er at ho får vera meir sosial.
– Eg har moglegheit til å vera meir med venene mine, forklarar Hanna.
Når me spør kva som er det kjekkaste med hausten, svarar ho utan å nøla: Bursdagen min!

I tillegg skal ho starta på noko ho har gleda seg lenge til.
– Eg skal begynna på teatergruppe på kulturskulen, og det har eg hatt lyst til ei stund, fortel ho.
Litt gruing er det òg.
– Eg gruar meg litt til vaksinen vi må ta i 6. klasse, men elles er det ikkje noko spesielt eg gruar meg til, seier Hanna.
For tida tenkjer ho mykje på å ha det bra med seg sjølv.
– Eg har lyst til å få betre sjølvtillit og ta gode val for meg sjølv, seier ho.
På fritida likar ho å halda på med mykje forskjellig.
– Eg likar best å gå på shopping, spela litt brettspel med søskena mine, prøva ulike klede og kanskje sjå ein film, fortel Hanna.
