Barnas Val: Forstår meir om kva politikarane driv med

Mindre søppel, praktisk skule og godt liv i Noreg var viktig for Herman (11), Ingrid (11), Nikoline (10) og Veronika (11) då dei skulle stemme fram eit parti under Barnas Val.

På Eidsvolls plass framfor Stortinget byrja det å regne då partivinnaren av Barnas Val vart avslørt. Men dette var ingen dempar for humøret til dei 200–300 elevane som stod kringom og applauderte.

FLEIRE HUNDRE: Det var 200–300 barn som møtte opp for å høyre resultatet frå Barnas Val, og stemninga var ordentleg god! Foto: Vilde Standal Bøyum

Blant dei som deltok på resultatdagen var Greverud skole. Framtida Junior fekk snakka med fire av elevane om kva dei tykte om Barnas Val – Ingrid Blom Grafsrønningen (11), Herman Bøckmann Konttorp (11), Nikoline Thornes Muribø (10) og Veronika Popil (11).

Valomat hjelpte å bestemme

Etter å ha funne ut kva barna brydde seg mest om, laga Barnas Val ein heilt eigen valomat for barna. Det var fem tema i fokus: krig og fred, skule, fattigdom og ulikskap, klima og miljø og innvandring og integrering.

– Eg tok valomaten tre gongar. Eg visste ikkje eigentleg kva eg skulle stemme, men sidan eg fekk det same partiet fleire gongar, stemde eg på det, seier Ingrid.

SAME PARTI: Då valomaten kom fram til same parti, enda Ingrid med å stemme på dette. Foto: Vilde Standal Bøyum

Dei tok alle valomaten for å hjelpe med å avgjere. Faktisk vart valomaten på landsbasis tatt heile 220.000 gongar.

Valomaten kjem med påstandar, så må du velje kva som passar di meining best.

– Kva er viktige politiske tema for dykk?

– Klima og miljø, svarar Nikoline, og seier at ho vil gjerne at Noreg skal slutte med forsøpling.

– Skulen, og å nå klimamåla, svarar Herman.

– At skulen har det bra, og at menneske har bra liv i Noreg, svarar Veronika.

GODT SKULEMILJØ: Å ha det bra på skulen er ei viktig sak for Veronika. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Kanskje litt meir praktisk skule

Arbeidarpartiet vann Barnas Val, og dei fire er både glade og skuffa over det. Ingrid er ikkje sikker på om det er noko særleg som vil endre seg i skulen, dersom dei vinn stortingsvalet 8. september.

– Det er jo dei som har styrt til no, så eg veit ikkje heilt om det kjem til å endre seg så mykje, seier Ingrid.

– Det blir jo kanskje litt det same, men kanskje litt meir praktisk skule, seier Nikoline.

MOGLEG ENDRING: Nikoline trur at ei endring etter stortingsvalet er at det kan bli ein meir praktisk skule, sidan det er fleire parti som ønskjer det. Foto: Vilde Standal Bøyum

Herman trur ting vil bli betre.

– Dei syns skulen er ganske viktig, og så vil dei nå klimamåla, seier han.

Gøy å forstå meir

På skulen til dei fire, stemte heile klassa saman i klasserommet.

– Utanom ein, som hadde stemt frå før, forklarar Herman.

– Er de blitt meir politisk interessert no når de har hatt om og vore med på Barnas Val?

– Ja, dei siste to vekene har eg vore det, seier Herman.

GAV HIGH FIVE TIL STATSMINISTEREN: Herman har blitt meir politisk interessert dei siste vekene, og då tykte han det var gøy å få gitt ein high five til statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Det har vore gøy å skjønne litt meir om korleis politikarane jobbar og kva dei har lyst til å få til, seier Ingrid.

Veronika fortel at ho er blitt meir politisk interessert etter å delta i Barnas Val.

– Eg blir veldig glad når ein stemmer, seier ho, og legg til at ho gler seg til at ho kan stemme i stortingsvalet.

Det kan desse fire gjere ved stortingsvalet i 2033.

Uvanleg avsløring

Barnas Val valde å vise kva parti som vann på ein uvanleg måte.

Ved hjelp frå dansegruppa Jump Crew, løfta dei opp eit bilete av partileiaren midt i ein koreografert dans.

AVSLØRT: Dansegruppa Jump Crew heldt fram eit bilete i seks delar av Jonas Gahr Støre for å vise at Arbeidarpartiet var partiet som vann Barnas Val 2025. Foto: Vilde Standal Bøyum

Stemning på topp

Det var veldig god stemning på Eidsvolls plass. Når dei ulike representantane frå partia kom til området, vart dei møtt med engasjerte rop. Det gjorde politikarane det meste utav!

HIGH FIVE: Arild Hermstad, partileiaren i Miljøpartiet Dei Grøne, tok ein runde med high fives til stort engasjement. Foto: Vilde Standal Bøyum
HANG SEG PÅ: Når det gjekk så bra med Arild, måtte dei andre politikarane ta seg ein runde også. Frå høgre ser vi Simen Velle (Framstegspartiets Ungdom) og Tonje Brenna (Arbeidarpartiet) med store glis etter high fives med skulane. I den oransje kjolen bak går partileiaren i Raudt, Marie Sneve Martinussen, sin high five-runde. Foto: Vilde Standal Bøyum
REDD BARNA: Det er Redd Barna som driv prosjektet Barnas Val. Til venstre står generalsekretær av Redd Barna Henriette Killi Westhrin saman med programleiar Maria Joynt (15). Foto: Vilde Standal Bøyum
MEDAN DEI VENTAR: Regnet kom ned då programmet starta. Då var det godt for politikarane å kome seg under teltet medan dei venta på avsløringa av kven som fekk mest stemmer. Foto: Vilde Standal Bøyum
VINNAREN: Ei svært nøgd Tonje Brenna held fram pokalen tildelt Arbeidarpartiet som vinnar av Barnas Val. Foto: Vilde Standal Bøyum
KOM PÅ TAMPEN: Då statsminister Jonas Gahr Støre dukka opp på tampen av arrangementet, vart han møtt av ei bølgje med barn. Her har han fått pokalen som partivinnar. Foto: Vilde Standal Bøyum