– Barn skulle hatt stemmerett i Noreg

Leona og Hanna kunne ønskt barn hadde stemmerett. 76.700 barn var med på å stemme på Barnas val 2019.

I Noreg må du vere 18 år for å røyste. Men politikarar kan ikkje sjå vekk frå kva barn og unge er opptekne av. Derfor er stemmene og resultatet frå Barnas val viktig. 

Hanna Bøhnsmoen (10) og Leona Hallonen-Jensen (10) har den siste tida lese seg opp på partiprogramma til dei ulike partia i kommunen. Dei har vore med i Barnas Val, som er eit val for alle barn mellom 5.-10.trinn som Redd Barna har laga til.

Hanna og Leona seier dei skulle ønske at 10-åringar hadde stemmerett i Noreg, og trur at valresultatet ved Barnas val blir litt annleis enn ved valet til dei vaksne.

– Vi barn er nok litt meir opptatt av skule og miljø. Dei vaksne er òg opptatt av det, men dei gjer ikkje så mykje for miljøet. Det er dumt, fordi viss vi ventar, så blir det berre dyrare og meir styr, og vi får kortare tid til å gjere noko med miljøet, seier Hanna til NTB.

Resultatet frå Barnas val 2019

Arbeidarpartiet fekk flest stemmer i Barnas Val. På dei neste plassane kjem Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre.

Det varierer frå kommune til kommune kva parti som har fått flest stemmer. Kven som blei størst i din kommune kan du finne på barnasvalg.no

Gratis skulemåltid

– Eg trur dei fleste har fått med seg at vi mellom anna går inn for å tilby alle elevar eit skulemåltid kvar dag, slik at ingen blir hengande etter fordi dei ikkje får med seg matpakke på skulen, seier leiar av Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre etter at resultatet på Barnas Val blei klare.

To typar val

Det er to typar val i Noreg. Eit stortingsval og eit kommune- og fylkestingsval. I år var det kommune- og fylkestingsval og då fekk alle over 18 år vere med på å finne ut kven som skal styre over kommunen og fylket. Noreg har demokrati, nettopp fordi det er folket som skal bestemme. På den måten er Noreg eit folkestyre.