Barnas val 2019: – Det er ei fantastisk nyheit!

76.700 femteklassingar opp til og med tiandeklasse har stemt på Barnas val 2019. I dag smiler nok partileiar Jonas Gahr Støre ekstra breitt.

I Noreg må du vere 18 år for å røyste. Men politikarar kan ikkje ignorere kva barn og unge er opptekne av. Derfor er stemmene og resultatet frå Barnas valg viktig. 

Sjå oversikta over landsvinnaren og dei andre partia lengre nede i saka.

Litt som ein elevrådsrepresentant

Kvar gong det er val i Noreg veljer vi dei som skal representere oss. Det er litt som når ein klasse skal finne ein elevrådsrepresentant. Då må klassa velje ein medelev dei er trygge på, og som kan snakke på vegne av heile klassa. 

To typar val

Det er to typar val i Noreg. Eit stortingsval og eit lokalval. I år var det lokalval og då fekk alle over 18 år vere med på å finne ut kven som skal styre over kommunen og fylket. Noreg har demokrati, nettopp fordi det er folket som skal bestemme. På den måten er Noreg eit folkestyre. 

Resultatet frå Barnas val 2019

76.700 barn og unge har stemt fram Arbeiderpartiet som landsvinnar i Barnas Val. Dei fekk 14.465 av i alt 76.700 stemmer. 

Det varierer frå kommune til kommune kva parti som har fått flest stemmer. Oversikta kan du finne på barnasvalg.no

Då programleiar Stian Barsnes Simonsen i Barnas Val 2019 kåra vinnaren fekk han snakke med ein tydeleg rørt partileiar.

– Det er ei fantastisk nyheit, sa Jonas Gahr Støre til Barnas Val 2019. 

Gratis skulemåltid

Kanskje var det lovnaden om eit gratis skulemåltid som fekk Arbeidarpartiet så høgt opp på lista?

– Eg trur dei fleste har fått med seg at vi mellom anna går inn for å tilby alle elevar eit skulemåltid kvar dag, slik at ingen blir hengande etter fordi dei ikkje får med seg matpakke på skulen, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Slik er landsoversikta over Barnas Val 2019

  • Arbeiderpartiet fekk 18,9 % av stemmene (14.465)
  • Miljøpartiet Dei Grøne fekk 14,5 % av stemmene (11.089)
  • Venstre fekk 12,4 %  av stemmene (9 483)
  • Høgre fekk 12,2% av stemmene (9322)
  • Raudt fekk 12,1 % av stemmene (9260)
  • Senterparitet fekk 8,9 % av stemmene (6833
  • Sosialistisk venstreparti fekk 8,3 % av stemmene (6399
  • Framstegspartiet fekk 6,4 % av stemmene (4908
  • Kristeleg folkeparti fekk 3,7 % av stemmene (2854)
  • Blank fekk 2,5 % av stemmene (1954)
  • Andre parti fekk 0,2 % av stemmene (137)