Barnas Val er avslutta og stemmene er opptalde. Fredag 5. september avslørte dansegruppa Jump Crew kven vinnaren var gjennom dans.
Med 22,4 prosent av stemmene, kom Arbeidarpartiet på førsteplass. Dette synest partileiar – og noverande statsminister – Jonas Gahr Støre er veldig hyggeleg.
– Arbeidarpartiets viktigaste oppgåve er å gi tryggleik for framtida, og sørge for at vi har små forskjellar og store mogelegheiter for alle dei som bur og veks opp i Noreg i dag, seier Jonas i ei pressemelding til Barnas Val.

– Utruleg hyggeleg oppmuntring
Framstegspartiet kom på andreplass, med 14,6 prosent av stemmene. Dei har størst vekst sidan sist val i 2021. Auken er 8,1 prosentpoeng.
Også Raudt gjorde det bra og kom på ein tredjeplass.
– Dette er utruleg hyggeleg oppmuntring rett før valet. Eg trur Raudt gjer det godt fordi vi er tydelege når vi snakkar om at vi må få ned forskjellane, gjere meir for Palestina og redde naturen, seier partileiar Marie Sneve Martinussen.
Til saman 70.098 stemmer kom inn mellom 1. og 4. september frå barn og unge i 5.–10. klasse. Heile 1700 skular deltok.
Sjå livesending på NRK Super frå Stortinget!
