Fakta: Kva er eit svart hol?
- Eit svart hol er ein stad i verdensrommet der tyngdekrafta er så sterk at ingenting kan sleppe unna – ikkje eingong lys.
- Dei blir laga når store stjerner døyr og kollapsar.
- Svart hol kan vekse seg kjempestore dersom dei «et» mykje gass, støv og stjerner.
Eit svart hol er ein slags «usynleg støvsugar» i universet. Dei har så sterk tyngdekraft at ingenting kan sleppa unna – ikkje eingong lys.
I midten av Mjølkevegen, vår eiga galakse, finst det òg eit svart hol. Det er fire millionar gonger større enn sola. Men det nye beistet som forskarane har funne, er 10.000 gonger større enn det igjen, skriv Ung.Forskning.no.
Gigantisk klump
Forskarane meiner dette kan vere den største tingen menneske nokon gong har oppdaga i universet.
Den gigantiske klumpen ligg fem millionar lysår frå jorda, i ein kjempestor galakse. Galaksen er så svær at han bøyer lyset frå ein annan galakse som ligg bak. Då ser lyset ut som ein skinande hestesko på himmelen.
Korleis kan noko bli så stort?
Forskarane trur at mange mindre galaksar har krasja saman til éin supergalakse. Alle dei svarte hola i midten har då smelta saman til eitt supermassivt svart hol.