1. Kvifor 24. august?
Ukraina var ein del av Sovjetunionen, men vart uavhengig då Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Dette vart bestemt av folket 24. august 1991, og slik vart 24. august nasjonaldagen deira.
Ukraina har ofte feira nasjonaldagen med militærparade, men under nokre presidentar har militærparaden vore avlyst. I 2023, etter Russland invaderte Ukraina, markerte dei dagen ved å stille opp mange russiske stridsvogner som ukrainske troppar hadde øydelagt.

2. Europa sitt største land i areal
Ukraina er det største landet i Europa av dei som ligg innanfor kontinentet sine grenser. Russland er sjølvsagt større (som verdas største land), men er delt mellom Europa og Asia. Om ein berre reknar landa som held seg innafor Europa sine grenser, så er Ukraina størst.
3. Eldre enn pyramidane og Stonehenge
I Ukraina kan du finne ein stad dei kallar «Stone Grave», eller steingrav. Det ukrainske namnet er «Kam’yana Mohyla». Dette er eit stort område med fleire nedgravne krypter, der nokre av innrissingane viser til at nokre av kryptene er mistenkt eldre enn både dei egyptiske pyramidane og Stonehenge i England.

4. Verdsarvliste
UNESCO har si eiga liste over verneverdige kulturelle og naturlege område i verda. Åtte av desse ligg i Ukraina. Hamnebyen Odesa er på UNESCO si verdsarvliste.
Byen vart etablert i slutten av 1700-talet og utvikla seg fort. Byggjestilen har innspel frå fleire kulturar og difor er ein del av sentrum sett på verdsarvlista.
Odesa vart sett på lista i 2023, etter Russland invaderte. Grunna krigen er Odesa utsett for angrep, og står på lista over truga verdsarvområde.

5. Påskeegg
Å måle og dekorere påskeegg er ein gamal tradisjon frå før kristendomen si tid. Ein av eldste måtane å dekorere på kjem frå Ukraina. Dei brukte bivoks og farge for å måle egga i flotte mønster.

6. Nasjonalblomster
Langs vegar kan du finne svære åkrar fulle av solsikker. Ukraina er verdsleiande eksportørar av solsikkeolje, og sjølv i krig produserer dei fleire tonn.
Solsikka er Ukraina sin nasjonalblomster, og spesielt etter krigen er blomsteren blitt eit symbol på motstand, samhald og håp.

7. Kyiv si legendariske grunnlegging
Ifølgje vandrehistorier, var det tre brør og ei søster som grunnla det som i dag er hovudstaden Kyiv. Dei heitte Kyi, Shchek, Khoryv og Lybid. I den mest populære versjonen, som blir kalla «Forteljing av svunne år», busette brørne seg på tre forskjellige åsar.
Åsane fekk namn etter dei, Kyis Ås, Shchekavytsia og Khoryvytsia. Ei bygd vaks fram og dei kalla den opp etter eldste broren. Trass i at dette er eit segn fortalt frå munn til munn, finst det arkeologiske funn som viser at noko av forteljinga kan vere sann.

8. Mammuttann med innrissa kart
I 1966 vart det som kanskje er verdas eldste kart funne i Ukraina. Kartet er rissa inn i ei mammuttann. Kartet kan stamme heilt tilbake til 10 000 f.v.t. og ser ut til å vise ein busetnad ved ei elv.
Og når vi først snakkar om mammutar, så har Ukraina grave opp fire hytter laga av til saman 149 mammutbein. Desse hyttene kan vere heile 15 000 år gamle.

9. Dei høgste sanddynene i Europa
I Khersonregionen har Ukraina Europas nest-største ørken. Men sjølve sanddynene strekk seg fem meter i lufta, og er dermed dei største sanddynene i Europa.

10. Største atomkraftulukke i verda
26. april i 1986 skjedde den verste kjernekraftulukka i verda. Det skjedde ved atomkraftverket i Tsjornobyl, berre 10 mil nord for Kyiv. Eit eksperiment skulle undersøke tryggleiken i ein av tankane som husa kjernekrafta, men den vart overoppheta.
Damptrykket vart så stort at lokket på reaktortanken blåste av, og førte til ein eksplosjon som framleis har konsekvensar, 39 år seinare.
I dei første fire månadane etterpå, døydde 28 personar. Fleire fekk stråleskadar, og tjue år etter eksplosjonen er det under 100 personar som ein kan bevise at døydde av denne strålinga.
FN si utgreiing konkluderte med at det kan vere snakk om 9000 dødsfall. Dette inkluderer dei som framleis kan utvikle kreft grunna strålinga.
I dag er det lov å besøke Tsjornobyl og den nærliggande byen, Pripyat, saman med ein guide. Det er ingen som bur der lenger.
