Skriv eit lesarbrev om kva du ville gjort om du fekk vera statsminister for ein dag. Kva vil du endra i Noreg?
Det er lurt å velja ut eitt tema som du skriv om. Tips til tema å skriva om:
- Kva er ei sak du ville kjempa for som statsminister?
- Gi minst tre grunnar til at dette er viktig – og fortel korleis du vil få til dette!
SKULE:
• Kva ville du gjort for at fleire elevar kan trivast på skulen?
• Kva vil du ha meir av på skulen?
• Skriv om lekser eller skulemat! Skriv sju grunnar til at det er bra med gratis skulemat eller kvifor du meiner me må ha eller ikkje ha lekser!
NATUR OG KLIMA:
• Kva meiner du må gjerast for å redusera klimautsleppa i Noreg?
• Kva meiner du Noreg må gjera for å ta vare på meir natur?
FRITID:
• Kva meiner du regjeringa bør gjera for at fleire barn og unge skal få vera med på kjekke fritidsaktivitetar?
• Kvifor er det viktig at alle barn og unge har ei meiningsfull fritid?
Frist for å levera er 30. september.
Premiar: 1. premie: 1500 kroner til klassen og klassesett av Framtida Junior til vinnarklassen. Me trekk ut t-skjorte og andre premiar til minst fem deltakarar i konkurransen!
Innsending
Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Læraren kan gjerne senda alle tekstar frå klassen samla.
Skriv «Skrivekonkurranse – Statsminister for ein dag» i emnefeltet.
Hugs namnet ditt, kva skule du går på og telefonnummer til ein av foreldra dine!