Klimaaktivistar med Greta Thunberg i spissen blokkerer Karl Johan | Framtidajunior.no

Klimaaktivistar med Greta Thunberg i spissen blokkerer Karl Johan

AKSJON: Klimaaktivist Greta Thunberg og aktivister frå Extinction Rebellion okkuperer Karl Johans gate i Oslo. Foto: Javad Parsa / NTB

Mange av klimaaktivistane er med i gruppa Extinction Rebellion, ein organisasjon som brukar demonstrasjonar og protestar for å få folk til å bry seg meir om klima.

Dei protesterer mot at store bankar og politikarar, som høyrer til i det som blir kalla finanssektoren (alle som jobbar med pengar, som bankar og investorar), tener pengar på oljeindustrien.

Aktivistane seier at politikarane beskyttar olja i staden for klima. Difor har dei laga ein slags okkupasjon – det betyr at dei tek over og blokkerer gata – rett utanfor Stortinget.

Det var NTB som fyrst omtala saka.

Kva meiner du?

43 svar

Kvar bur Hermine?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir