Oppdrag verdsrommet: Visste du at nord og sør bytar plass?

Alma og Fillip har fått lære å sende signal frå satelittar til jordkloda på sommarskule.

Alma Sofie Galindo Hoås (12) og Fillip Kristoffer Jørgensen (12) deltok i år på sommarskulekurset «Oppdrag verdensrommet». Som namnet seier, fekk dei lære mykje om korleis ein kommuniserer og studerer verdsrommet.

Kurset var ved Observatoriet i Oslo. Her budde ein astronom som heitte Christopher Hansteen som fann ut mykje om universet.

Hundre prosent nøyaktig

– Kva er det de har gjort i denne veka?

– Vi har koda litt, seier Fillip.

Han tenker seg litt om før han fortel vidare.

– Vi har gitt instruksar til noko dei kalla vaffelrobot. Då måtte vi gi hundre prosent nøyaktige instruksjonar om kva dei skulle gjere, seier han.

Sidan instruksane må vere så nøyaktige, kan det ta litt tid å lage dei for roboten.

– Viss instruksen er «gå fram eitt steg» så tar det ikkje så lang tid. Men viss målet er at roboten skal plukke opp ein stein, så må ein finne ut og skrive inn nøyaktig kvar steinen er, og det tar tid, seier Fillip.

NØYAKTIG: Alma og Fillip fekk prøve å gi ordre til robotar. Då måtte instruksane vere heilt nøyaktige. Foto: Vilde Standal Bøyum

Polane bytar plass

Av tinga dei lærte om, var det elektromagnetiske feltet som ligg rundt jordkloden noko av det mest spanande. Det er dette feltet som gjer at eit kompass peiker nord og sør.

Ein av tinga dei lærte er at det finst to nordpolar og to sørpolar.

– Vi har ein geografisk nordpol og ein magnetisk nordpol.

Dei magnetiske polane flyttar på seg. For rundt 780 000 år sidan, bytta dei heilt om på plassane sine, så nordpolen vart sørpolen, og sørpolen vart nordpolen. Dette har skjedd fleire gongar, og forskarar seier at det tar cirka éin million år mellom kvar gong dei bytar plass.

Dei geografiske polane er faste punkt på jordkloden.

I 2019 var det første gong på over 360 år at både den geografiske og magnetiske nordpolen var på same plass. Då kunne ein stå ved nullmeridianen i Greenwich i England og sjå at kompasset peika rett nord, både geografisk og magnetisk.

Nullmeridianen vart bestemt plassert i Greenwich i 1884. Herfrå reknast den geografiske lengda av jordkloden, frå sør til nord.

MAGNETISK: Eit kompass viser nord og sør ved hjelp av det magnetiske feltet som ligg rundt jordkloda. Foto: Jamie Street | Unsplash

«Oppdrag solstorm»

Alma tilføyer fleire ting dei har fått gjort i løpet av veka.

– Vi har hatt omvising rundt i observatoriet. Og så har vi hatt ein opplegg kalla «Oppdrag solstorm», der vi var delt inn i forskjellige lag og jobba saman for å få ein satellitt til å sende signal tilbake til jorda, seier ho.

– Ein faktisk satellitt?

– Nei, seier Alma.

– Men det veit vi eigentleg ikkje heilt, seier Fillip gåtefullt.

Det er kanskje litt hemmelegheiter når vi snakkar om satellittar, men Alma og Fillip måtte i alle fall ikkje skrive under på hemmelege dokument!

Lærer ting ein ikkje vanlegvis får lære om

Både Alma og Fillip har vore på sommarskule før, og det er fleire ting dei likar godt med dette.

– Det er veldig gøy. Ein møter mange nye folk, seier Fillip.

Får de gode sjansar til å vere sosiale?

– Ja, vi har fire pausar om dagen, seier han.

Alma forklarer at det er veldig hyggeleg, og sommarskule er ein god sjanse for å få nye venar.

– Og så får ein lære nye ting som ein ikkje lærer like mykje om på skulen, legg Alma til.