– Det kjekkaste med sirkus? Det må vera alle folka. Eg blir så glad når publikum klappar, seier Marco til Framtida Junior.
Me møter han utanfor campingvogna bak sirkusteltet. Om halvannan time skal han underhalda publikummet på Stord. Der får publikum sjå heile familien hans i sving.

Mora og faren sjonglerer. I glansnummeret deira står mora midt oppe på skallen til faren, medan dei begge sjonglerer. Storesøstera Claudia (16) er ein prisvinnande linedansar. No kjem ho ruslande bort til campingvogna.
– Det kjekkaste med sirkus er alle stadene me får besøka og sjå alle dei glade ansikta til publikum, seier Claudia.

Øving og øving og øving
Søskena har vakse opp med sirkus. Då Marco var seks år byrja han å øva på å sjonglera og på å ta backflip. Då han var åtte år opptredde han for første gong på sirkus.
– Eg øver veldig mykje – kvar dag! Det viktigaste for å bli god sirkusartist, er at du må lika veldig godt å øva, fortel Marco.
Claudia øver to timar før førestillinga og to timar etter førestillinga.
– På det meste øver eg seks timar om dagen, seier ho.

Litt sjalu vener
– Vennene mine heime i Tsjekkia synest eg er veldig flink og heldig som får reisa med sirkus og opptre. Dei er nok litt sjalu, ler Marco.
Marco reiste til Noreg før skulen slutta for sommaren.
– Me får undervising på nett når me reiser med sirkuset, fortel søskena.

– Det er veldig fint å få reisa rundt i Noreg om sommaren. Det er mykje fint å sjå her, seier Claudia.
Draumen
Marco og Claudia er åttande generasjon som driv med sirkus i familien Rappoli. Det vil seia at tipp-tipp-tipp-tipp-oldefaren deira òg var sirkusartist.
Begge ønskjer å leva sirkuslivet og håpar å få ungar som òg vil driva med sirkus.

– Å vinna gullprisen på sirkusfestivalen i Monte Carlo er det høgaste ønsket, seier Claudia. Marco er einig.
Det er på ein måte Oscar-utdeling eller VM for sirkusartistar. Onkelen deira har vunne sølvmedalje i Monte Carlo.
No øver Claudia på eit triks ingen andre kvinner har gjort før ho utan sikring: framlengs salto på stram line.
– Viss eg klarer det, så er det fleire som seier at eg kan ha ein sjanse til å koma til Monte Carlo.

