Framtidajunior Kultur SJÅ VIDEO: Dyrefritt sirkus i Dyreparken

SJÅ VIDEO: Dyrefritt sirkus i Dyreparken

Når dyra skal ut i manesjen på Sirkus Jesper i Kristiansand Dyrepark, er det ikkje eit levande dyr i sikte.

Det er to grunnar til at vi nyttar skodespelarar som kler seg ut som dyr i Sirkus Jesper. Den eine grunnen er at alle dyra i Thorbjørn Egner-forteljingane alltid blir spela av menneske. Den andre grunnen er at vi i Dyreparken bryr oss om dyr si velferd, seier Jostein Kirkeby-Garstad. Han er teatersjef i Dyreparken.

– det vert feil å lære dyr spektakulære ting dei skal gjere i manesjen for å underhalde menneske

HELTEN: Sirkus Jesper handlar om det som skjer etter historia vi får høyre om Kardemommeby. Røvarane blir heltar når dei sløkkjer brannen i Tobias sitt tårn, og røvaren Jesper får seg jobb som sirkusdirektør.

Sirkus Jesper handlar om det som skjer etter historia vi får høyre om Kardemommeby. Røvarane blir heltar når dei sløkjer brannen i Tobias sitt tårn, og røvaren Jesper får seg jobb som sirkusdirektør.

Behandlar dyr betre

– Det hendte at vi gav dyr menneskelege eigenskapar i Dyreparken tidlegare. Det har vi slutta med, seier Jostein. 

Dyra som bur i parken får gjerne namn, men dei blir ikkje viste fram på same måte som tidlegare. 

Når det gjeld sirkus er det ei god utvikling over heile kloden. Den gamle måten å behandle dyr på er i ferd med å bli historie.

Sirkus på ein ny måte

Jostein fortel at Sirkus Jesper heller vil prøve å bruke kostyme og skodespel til å skape den kjensla dyr kan gje oss. 

TA VARE PÅ: – Vi i Dyreparken bryr oss om dyrevelferd, fortel teatersjef Jostein Kirkeby-Garstad.

Skodespelarane utkledd som dyr kan også vekke kjensler hos publikum ved å skape ulike situasjonar, seier han.

I 2017 blei det forbode å nytte elefantar i sirkus i Noreg. 

Elefanten vi har med i Sirkus Jesper er smart og løyser eit korttriks. Det handlar ikkje om at den kan gå opp på ein pidestall, slik elefantane gjorde i gamle sirkus. 

Får sceneskrekk

Jostein har jobba som regissør for teater som har hatt levande dyr på scena før. 

Eg har jobba med levande dyr på scena. Det er ikkje alltid like hyggeleg. Dyr får jo sceneskrekk dei også.

Ein anna fordel med dyrefritt sirkus er at alle med allergi også kan kome for å sjå på.

Eg er allergisk, så eg måtte gå ut frå eit sirkus ein gong. Sirkus utan dyr kan alle sjå på, seier han.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR