I løpet av seks timar fall det 37 centimeter med regn i det sørvestlege Japan. Dette er rekord for området.
Regnet har ført til flaum og jordskred. Uvêret har øydelagt vegar og dratt med seg køyretøy. Det melder NRK.
Japan sitt meteorologiske institutt melder at situasjonen er livstrugande. Meir enn tre millionar menneske er råda til å forlate husa sine og reise til trygge plassar.
Etter ein periode med varmegradar oppe i 40 grader celsius, kom regnet. På ein pressekonferanse informerte Japan sitt meteorologiske institutt at eitt av dei ramma områda, Kagoshima, «opplever regn dei aldri har opplevd før».

I dei tidlege timane måndag vart det meldt om ein sakna mann som vart tatt av eit jordskred.
Japan sin statsminister, Shigeru Ishiba, har sett i gang nasjonale tiltak for å hjelpe dei som er ramma av ekstremvêret. Det melder The Japan Times.