Kraftige skogbrannar herjar i USA | Framtidajunior.no

Kraftige skogbrannar herjar i USA

SKOGBRANN: Brannkonstablar arbeider for å stoppe spreiinga av skogbrann i Los Angeles, California. Foto: AP Photo / Ethan Swope

Sidan tysdag formiddag har to skogbrannar spreidd seg i raskt tempo i California i området rundt storbyen Los Angeles. Det er kraftig vind som gjer at brannen spreier seg spesielt raskt, skriv NRK.

På noverande tidspunkt står over 10 000 hus i fare for å bli slukt av flammane og over 30 000 personar er bedne om å evakuere.

Mange hus, bygningar og bilar er allereie øydelagt. Det er førebels ikkje meldt om personskadar

Utfordrande slukningsarbeid

Den kraftige vinden som er venta å nå opp mot 44 meter i sekundet gjer ikkje berre at brannen spreier seg raskt, men òg at slukningsarbeidet blir vanskeleg.

Det er til dømes for sterk vind til at brannfly kan brukast for å sløkke flammane.

Kva meiner du?

27 svar

Kva spelar du mest?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir