På slottsplassen kjem seks unge menneske ut etter at dei har snakka med Noregs prinsesse og den andre i arverekka til trona.
Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra hadde sin første audiens, og valde å ha han saman med Miljøagentane frå Barnas klimapanel.
Barnas klimapanel består i år av Maria (14), Anna (13), Jonah (12), Rosalind (13), Sander (12) og Tyra (11).

Eit viktig tema for prinsessa
– Var de nervøse før de skulle møte prinsessa?
– Eg trur ikkje det heilt hadde gått opp for meg at det var dette eg skulle gjere. Men så stod vi utanfor døra og så var vi litt sånn «ja, kanskje vi er litt nervøse».
Det seier Rosalind. Men jenta frå Haugesund trong ikkje vere nervøs lenge.
– Det gjekk veldig bra. Det var veldig avslappa stemning, seier ho.

Undervegs i møtet, spurde dei prinsessa om kva saker ho tykte var viktige. Eitt av temaa som kom fram, handla om forsøpling.
– Prinsessa er veldig glad i å surfe, så derfor hadde ho opplevd og sett korleis forsøpling påverkar verda, seier Maria, som er leiaren for klimapanelet.
Vart tatt på alvor
Maria fortel at dei tok opp kjernesakene til klimapanelet med prinsessa.
– Dei handlar sjølvsagt om klima, men òg veldig mykje om at politikarane faktisk skal ta oss unge på alvor, seier ho.
Maria opplevde at prinsessa tok dei på alvor, noko resten i klimapanelet er samde i.

– Ho var veldig nysgjerrig, og spurde mange spørsmål medan vi presenterte det vi skulle vise, seier Rosalind.
– Ho var veldig flink til å la alle få snakke, og ho viste at ho var interessert i det vi hadde å seie, legg nestleiar Anna til.
– Fortsett med å engasjere dykk
– Etter møtet med prinsessa, kva vil de seie til barn om klima?
– Fortsett med å engasjere dykk. Det er mange som bryr seg. Sjølv om det ikkje alltid verkar sånn, så er det framleis eit høgt engasjement blant barn og unge, seier Maria.
Ho tykkjer det seier mykje at prinsessa inviterte til sin første audiens med Barnas klimapanel, for det viser at det er eit stort engasjement blant dei som er litt eldre og at dei faktisk tar det på alvor.
– Det er inspirerande å sjå at dei som kjem til å spele ei viktig rolle i samfunnet vårt, bryr seg, seier Maria.

Ikkje bruk barnas stemmer
Engasjer deg, og vit at det er andre som bryr seg om klima og miljøsaka, det ville klimapanelet sagt til barna. Men kva ville dei sagt til dei vaksne etter dette møtet?
Anna veit kva ho saknar frå dei vaksne.
– Vi må bli tatt meir på alvor. Vi skal ikkje bli brukt som maskotar. Politikarar kan seie at dei har snakka med barna, og bruke orda våre som argument, når det absolutt ikkje er det vi har sagt, seier nestleiaren.
Anna ser helst at dei vaksne snakkar meir på barnas nivå i samtalar saman, og ikkje brukar for store ord. Ho meiner at det viser at dei høyrer etter og det er enklare å forstå kvarandre.
Klimapanelet sine hjartesaker
Det er mange tema å kjempe for og bry seg om for Barnas klimapanel. Men kvar enkelt person i panelet har si hjartesak.

Tyra klarer ikkje å halde seg til ei hjartesak.
– Kan eg seie to? spør ho. På grønt signal seier ho:
– Plast i havet og nedkutting av regnskogen.

Anna forklarer at hennar hjartesak handlar om det ho nemnde tidlegare, om å ikkje vere maskotar for politikarar som eit billig poeng for eit argument som ikkje er klimapanelet sitt.
– Vi skal ikkje bli lagt ut på Facebook og brukt, men bli høyrt på, sidan det er vår framtid det går utover, seier ho.

Jonah si hjartesak handlar om at Noreg må starte på utfasinga av olje.
– Vi må slutte med å selje olje til andre land. Om Noreg sluttar å selje olje, så kan det hjelpe andre i verda å slutte med olje, seier han.

Maria vil ha internasjonal solidaritet på to måtar. Dei handlar begge om å slutte med olje og gass.
– Olje og gass bidrar til at klimaendringane rammar dei landa som har bidratt minst til klimaendringar. Det er dei landa som har minst ressursar og kapasitet til å tilpasse seg. Og så har vi eit moralsk ansvar for å hjelpe dei landa som allereie no er påverka, fordi det er vi som har bidratt til at dei landa blir påverka av klimaendringane, seier ho.

Rosalind vil at politikarane skal høyre etter på barna sine meiningar.
– Dei skal ta med meiningane når dei lagar nye lover, nye planar. Dei skal tenke på at om dei øydelegg mykje no, så er det vi som må rydde opp. I vår spørjeundersøking tykkjer 65 prosent at det er vi som må plukke opp etter tidlegare generasjonar, seier ho.

Sander ser mot fornybar energi for løysingar.
– Mi hjartesak handlar nok om fornybar energi som grip minst mogleg inn på naturen, seier han.
Han nemner at fornybar energi frå vindmøller er omdiskutert. Nokon er for, medan andre er imot. For greia med vindmøller for Sander, er at dei krev mykje plass.
Imponerte prinsessa
Utanom å snakke med Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra om klima og framtid, så fekk dei gjort andre artige ting. Ein ting dei drar fram er at dei har fått lagt igjen eit permanent bevis på besøket deira.
– Vi fekk signere prinsessa si bok – ei gjestebok. Så no er det alltid eit minne av oss på slottet, seier Rosalind.

I ein e-post frå Det kongelege hoff får Framtida Junior vite at audiensen har vore både imponerande og hyggeleg.
– Eg hadde eit veldig hyggeleg møte med Barnas klimapanel i dag. Dei imponerte meg med sin kunnskap og innsats. Eg håpar alle vil lytte til det dei har å seie, fortel Høgvyrde Prinsesse Ingrid Alexandra gjennom e-posten.
