Eg trur at eg ikkje treng å gjera så mykje sjølv, for dei har kome så langt med teknologien, så kjem vi garantert til å ikkje klippa graset, eller vaska opp for hand. Det kjem ikkje til å vera uno, vri-åttaren, poker eller ludo spel fysisk. Berre mobil, mobil, og endå meir mobil.
Bilane kjem sikkert til å fly eller køyra av seg sjølv. Hadde vore gøy dersom bilane kunne fly, då. For då hadde det vore lettare dersom ein skulle hatt eit Harry Potter-teaterstykke med scena frå den andre boka. Eller å koma seg raskare til stader ein skal. Og dersom dei kjem så langt at dei trygt kan gje meg ein bil som kan køyra av seg sjølv, blir eg verkeleg imponert og glad!
For å køyra bil er ein blind persons draum. Kanskje ikkje alle, men dei aller fleste. Eg vil og tru at stokken min kan bli elektrisk og at det vil gå an å gjera litt meir med den enn det eg kan no. Det vil heller ikkje vera så mykje punktbøker, men meir Tibi.
Eg trur at dei kan koma veldig langt med det som blir kalla Apple TV. Det har ein slags voice over som kan hjelpa synshemma folk så dei kan styra TV-ane sine. Voice over er eit program som hjelper slik at synshemma folk kan styra mobilane sine. Folk som ikkje ser, er avhengig av voice over eller nokre andre slike program.
Du kan prøva voice over på mobilen din med å halde inne heimknappen din, og be Siri slå på voice over eller trippeltrykka på den! Men gjer det litt forsiktig. I verste fall kan du gjera slik at du ikkje klarer å styra den eller ikkje ha makta til å slå den av. Tru meg! Eg har fått folk med iPhonar til å slå på voice over før, og dei fekk ikkje til å skru den av.
Men tilbake til framtida. Eg har høyrt rykte om at dei skal gjera det sånn at me får valet om å operera inn ei slags brikke i hovudet som gir same teknologi som mobilen din. Eg har og høyrt at dei skal ta vekk mobilar, og erstatta dei med klokker.