Hans Bernhard (11) fekk fly eit ekte fly

Ein draum vart til røyndom for 11 år gamle Hans Bernhard frå Kåfjord.

Hans Bernhard Pedersen har alltid vore fascinert av fly. Heime i Kåfjord har han brukt mange timar framføre datamaskina med flysimulator, der han har trena på å ta av, fly og landa akkurat som ein ekte pilot. Han har også lært mykje om fly frå internett og YouTube, skriv VG.

Foreldra hans gav han ei julegåve: ein sightseeingtur i småfly over Kåfjord. Men då dei møtte flyinstruktøren Kristian Bergesen på Tromsø lufthamn, spurde han om Hans heller ville bruke tida på å læra å fly flyet sjølv. Familien trong ikkje lang tid på å svara – det ville Hans Bernhard veldig gjerne!

Foto: Trond Are Pedersen

Mjuk landing

Før flyturen måtte dei sjekka at alt var klart – både vêret, drivstoffet og at flyet fungerte som det skulle. Hans var spent, men roleg, og gledde seg mest til éin ting:

– Eg håpar på å få til ei mjuk landing, sa han til VG.

Sidan setet var laga for vaksne, måtte han sitja på ei pute for å nå fram til spakane. Pappa og mamma var med som passasjerar, medan instruktør Kristian sat ved sida av Hans og hjelpte han undervegs. Men det var Hans Bernhard som gjorde mesteparten av jobben.

Etter turen sa han til VG at han var overraska over kor annleis det var frå simulatoren heime. I det verkelege flyet kjende han alle rørsler og måtte jobba meir for å styra rett. Etter omtrent éin time i lufta, landa han flyet sjølv – to gonger!

Foto: Trond Are Pedersen

Smart teknikk

Den første landinga gjekk bra, og den andre vart endå betre. Han brukte ein smart teknikk han hadde øvd på:

– Eg lét som at eg skulle krasja i ei stripe. Og rett før eg krasjlanda, drog eg det opp sånn at det vart ei mjuk landing, forklarte han.

Instruktøren var imponert over både kunnskapen og roa til 11-åringen.

– Han toppar nok skalaen der. Det er gøy å få nokon som er så motiverte og interesserte om bord i flyet i den alderen, sa Kristian til VG.

Etter turen var Hans Bernhard strålande fornøgd. Det vart endå morosamare enn han hadde sett for seg.

Kjelde: Artikkel frå VG / Framtid i Nord