Prisen går til nokon som har gjort noko veldig bra for barn, anten i Noreg eller i andre land. Det kan vera ein person, ei gruppe, ein skule, ein organisasjon eller nokon som jobbar i ei bedrift.
I fjor fekk barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk prisen for det brennande engasjementet ho har for rettane til barn på flukt.
Alle barn i verda har dei same rettane. Det står i noko som heiter FNs barnekonvensjon. Der står det at alle barn har rett til å vera trygge, få gå på skule og få det dei treng for å leva.
Redd Barna vil gjerne få inn forslag frå barn. Kjenner du nokon som gjer noko viktig for barn? Nokon som hjelper barn å få det betre? Då kan du senda inn eit forslag her!
Fristen er 12. juni 2025.