Ingeborg og Thea dreg på eventyr i magiske univers 

Jentene elskar tjukke bøker utan bilete, og lever seg inn i magiske verdener. Kva er favorittbøkene deira? Og kva ville dei gjort med ein ekte tryllestav? 

Ingeborg Sumstad Øen får ein glød i auga når ho byrjar å fortelje om favorittboka si.

– Eg likar best William Wenton. I boka Apokalypsegeneratoren veit du aldri heilt kva som skjer, og det er så spennande!, seier ho.

Serien handlar om ein gut med heilt spesielle evner, som blir jaga fordi han har fått i seg stoffet luridium.

– Luridium gjer at du blir skikkeleg smart, men også litt ko-ko. Ein som heiter Abraham Talley vil ha stadig meir av det, for det gjer at han lever lenger – kanskje for alltid. Det store spørsmålet er korleis dei skal bli kvitt han, fortel ho.

Harry Potter for livet

For Thea Mikkelson Sasso er det ingen tvil.

Harry Potter, heilt klart. Det er veldig typisk, men det er så gøy med alle tryllestavane og formelane. Eg elskar at det finst så mange rare plantar og skapningar. Eg les bøkene no og har sett alle filmane, fortel ho.

Sjølv om ho starta med filmane, angrar ho litt på det i dag.

– Eg skulle heller ha lese bøkene først. Eg likar best tjukke bøker utan bilete. Det er mykje meir å oppdage når du brukar fantasien din.

Intenst udyr

Begge jentene nemner Udyr som ei bok som har gjort sterkt inntrykk. Thea hugsar kor intenst det var å lesa den.

– Midt i boka tenkte eg berre: Pust, spring for livet og redd dykk sjølv!

Ingeborg nikkar samd. Ho nemner også Harpa, ei anna bok med eit monster i hovudrolla.

– Det er noko med at du ikkje heilt veit kva som kjem. Og det beste er at ingen av bøkene har bilete. Då kan eg lage mitt eige bilete av karakterane. Eg vil bestemma korleis det ser ut sjølv.

Når dei får spørsmålet om kva fantasy-karakter dei helst ville bytta liv med for ein dag, svarer Ingeborg raskt:

– William Wenton. Han lever i ei futuristisk verd med robotar og god mat. Og så hadde eg blitt veldig smart! Men eg trur ikkje eg hadde tålt syntetisk mat så godt, då, ler ho.

Thea vil heller til Galtvort:

– Hermine Grang. Ho er berre så kul. Det er nok stress å vere ho, men å vite alt og vera venn med Ronny og Harry – det hadde vore topp!

Ho tenkjer seg om og legg til:

– Og så ville eg snakka med Harry om korleis det er å nesten bli drepen heile tida.