Forsking: Jupiter luktar som ei stinkbombe

Planetar, månar, kometar og gasskyer har alle forskjellige luktar. No jobbar forskarar med å undersøke akkurat korleis det luktar ulike stader i verdsrommet.

Det er romforskarar ved Westminster-universitet i London som for tida kartlegg luktar ulike stader i verdsrommet. Dei undersøkjer alt frå jordas næraste naboar til himmellekam hundrevis av ljosår unna, skriv BBC.

Dette er interessant å finne ut av, då luktene kan gi informasjon om kva ulike delar av universet er laga av. 

Marsipan, kattetiss og rotne egg

Jupiter er den største planeten i solsystemet og er ein gassplanet – ein planet som i all hovudsak består av gass.

Jupiter er laga av fleire lag med gass som alle består av ulike ting. Difor er det ulike lukter jo lenger inn mot kjernen til planeten ein kjem.

MELKEVEIEN: Melkeveien er «vår» galakse – ei galakse er ei samling stjerner, gass, planetar og støv som blir halde saman av tyngdekraft. Foto: Pixabay

Ytst er det ei marsipanliknande lukt. Litt lenger inn luktar det kattetiss. Etter kvart kjem ein til eit gasslag som luktar som rotne egg. 

Rotten fisk og naglelakkfjernar

Titan er ein av Saturn sine 82 månar. Der viser det seg at det luktar mellom anna søte mandlar, bensin og rotten fisk.

I midten av Melkevegen, galaksen Jorda er ein del av, luktar det ei blanding av frukt og naglelakkfjernar.