Kvifor heiter mai eigentleg «mai»?

Mai er snart forbi, men veit du kva som gjer at mai blir kalla «mai»?

Har du nokon gong lurt på kvifor månaden mai heiter det han gjer? Det er faktisk eit veldig gammalt namn – heilt frå romartida. Ordet mai kjem frå det latinske ordet Maius, som igjen er kalla opp etter ei gammal gudinne som heitte Maia.

Kven var Maia?

Maia var gudinna for vekst og fruktbarheit. Romarane trudde at ho hjelpte plantane å spire og vekse. Difor passa det perfekt å kalla ein vårmånad etter henne – for i mai kjem jo både blomar, grønt gras og små dyreungar.

Viktig for bøndene

I gamledagar var folk avhengige av å dyrka mat sjølve. Då var det viktig at våren kom og fekk fart på jord og frø. Mange feira Maia for å få hjelp til dette.

(Kjelder: Wikipedia, Store norske leksikon)