Bok om steinalderen fekk Nynorsk barnelitteraturpris

Forfattar Eirin Holberg og illustratør Åshild Irgens har fått pris for boka «Steinalderen - 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong.»

Det er første gong ei faktabok får prisen som består av eit diplom og 50 000 kroner.

Eirin Holberg har skrive boka. Ho er både forfattar og arkeolog. Det betyr at ho arbeider med å finna gamle ting i jorda, som kan fortelja om folk som levde for tusenvis av år sidan. I boka skriv ho om ekte funn, som til dømes historia om ein veldig gammal tyggis som kan fortelja oss om ei jente som levde for 5700 år sidan.

Åshild Irgens har laga teikningane i boka, og juryen meiner teikningane gjer det lett å forstå det som står i teksten.

Framtida Junior har tidlegare intervjua forfattar Eirin Holberg om kva i all verda folk åt i steinalderen, og kva alle barn måtte læra i steinalderen.