Ambassade
Ein ambassade er ei gruppe menneske som offisielt representerer (uttaler seg og tek avgjerder) i eit framandt land. Desse personane har gjerne kontor i eigne hus. Desse husa blir gjerne omtala ambassaden i seg sjølv.
Kjelde: Store norske leksikon
21. mai blei ein spesiell dag på Sveriges ambassade i Oslo. I anledning 80-årsfeiringa av Pippi Langstrømpe var det full fest på ambassaden.
– På Pippi sin bursdag blei ambassaden forvandla til Villa Villekulla – med karamellbutikk, pannkakstårta og Pippi-teater, fortel Julie Lindén, som jobbar på Sveriges ambassade.
Ho fortel at ambassaden fekk besøk av barnehagebarn som tok del i feiringa.

Fantasi frå sjukesenga

Den første boka til Astrid Lindgren om Pippi kom altså ut i 1945 – for 80 år sidan. Men i røynda blei den raudhåra karakteren funnen opp allereie i 1941 av sju år gamle Karin – dottera til Astrid Lindgren.
På dette tidspunktet var Karin sengeliggjande med lungebetennelse. Ho fekk ikkje lov til å gjere noko anna enn å liggje i ro.
Det var då ho bad mora om å fortelje historier om Pippi Langstrømpe – og med det var den bestemte, modige og fantasifulle karakteren skapt.
Astrid Lindgren valde å gi Pippi bursdag 21. mai, då dette var bursdagen til dottera hennar.
- Les også: Pippi fyller 80 år – på 80 språk
ASTRID LINDGREN: Her ser vi barnebokforfattaren Astrid Lindgren under feiringa av Pippi Langstrømpe sin 50-årsdag i 1995. Foto: Bertil Ericson. Code: 1002 COPYRIGHT PRESSENS BILD