Løveungar fødd i Dyreparken

Måndag kveld, 19. mai, kom heile fem tilskot til Dyreparken i Kristiansand.

Fakta om løver

Art: Panthera leo

Engelsk: Lion

Utbreiing: Afrika og India

Leveområde: Savanne, opent skoglandskap, steppe, halvørken og fjell

Mat: Dyr som mellom anna sebra, gnu, antiloper og impalaar

Vekt: 120–250 kilo

Levealder: 10–20 år

Drektigheitstid: 100–119 dagar, ca. 3,5 månader

Mengd ungar: 1–6 ungar

Status: Sårbar (IUCN Red List)

LES FAKTALUKK FAKTA

Mamma Kira og pappa Mufasa har fått fem ungar til. Foreldra kom til Dyreparken i 2022, og dette er deira tredje kull med løveungar. Ungane kan du sjå i videoen frå Dyreparken over.

– Alt ser bra ut til no. Kira er ei roleg og erfaren mor, og passar godt på dei små, seier dyrepassar Trygve Rislå Torkildsen i ei pressemelding.

Kira og Mufasa. Foto: Dyreparken

Kira og Mufasa kom til Dyreparken som ein del av eit internasjonalt bevaringsprogram. Målet til dette programmet er å oppretthalde ein sunn bestand med løver i dyreparkar.

Løver er sårbare og raudlista på Verdas naturvernunion. Dei er òg det einaste kattedyret som lever i flokk.

Normalt får løver 1–6 ungar per kull, medan 2–3 er mest vanleg.

Mamma Kira med eit tidlegare kull. Foto: Dyreparken

Kira og Mufasa er begge seks år gamle. Det nye kullet veg 1–2 kilogram ved fødselen, og dei vil opne auga sine etter rundt 11 dagar.

– No er det viktig at dei får mest mogleg ro, difor har vi stengt løvehuset for gjestar inntil vidare, seier Trygve.