I mars 1725 vakna folket på sunnmørsøya Runde til store mengder vrakgods i fjøra.
– Det var eit valdsamt uvêr, og dei fann veldig mykje som hadde vore om bord, seier dagleg leiar Cecil Elisabet Nerbø i Opplev Runde.
Skipet vart knust i stormen, og ingen av dei om lag 200 om bord overlevde. Nokre av gjenstandane vart selde til familiar rundt om i Noreg.

Skipet Akerendam bar på mykje gull, og andre varer som skulle til kolonien Batavia i Asia, det som i dag er hovudstaden Jakarta i Indonesia. Dei la ut frå Nederland i januar, og kom vekk frå dei to skipa dei segla saman med i ein storm. Slik enda dei i fjøresteinane på Runde ei natt i mars.
– Når dei segla hadde dei veldig mykje pengar om bord, for dei skulle ned for å kjøpe krydder. Til dømes muskat, det var kjempedyrt. Så tok dei med seg fine ting som dei fekk laga kopiar av i Asia, og tente pengar på piratkopiar når dei kom tilbake til Europa, fortel Nerbø.
250 år etter forliset fann tre dykkarar restane etter Akerendam ved Runde. No ligg delar av skatten dei fann på Runde Miljøsenter.
– Det er mange som vil sjå gullskatten. Men det er mange som blir fascinert av doen, seier Nerbø.

I utstillinga kan du nemleg sjå ei slepefille, eit tau som er eit 300 år gammalt alternativ til dopapir.
– Etter bruk kasta dei enden i sjøen, og så tenkte dei at det gjorde den rein. Det vart den nok ikkje, så hygienen var ikkje så god på det skipet, sa Nerbø.
Doen var to hol i ei plate fremst på skipet, der alt fall rett i havet, og slepefilla hang i sjøen når ho ikkje var i bruk.
Kapteinen hadde toalett i lugaren sin bakarst på skipet.
– Kapteinen slapp å sitje fremst med vinden i håret når han gjekk på do, fortel Nerbø.


