Agnete Saba seier til NRK at songen skal setje fokus på å inkludere nokon som ein ser er litt utanfor.
Agnete er samisk og årets låt skal bli framført på både norsk og samisk, og det blir til og med ein joik med.

Matoma påpeiker at songen vil bety like mykje for dei som bur i storbyen som dei som bur på bygda.
– Utfordringar rundt einsemd og utestenging er noko ein kan oppleve kvar som helst, seier Matoma.
Agnete løftar fram det viktige i å leggje merke til kvarandre, i ei tid der mykje av merksemda er dratt mot mobilen.
– Det er så viktig at vi hugsar å løfte blikket og sjå dei ein har rundt seg, seier ho.
NRK Super sin vennekampanje fyller i år 15 år. Dette skal NRK og Kringkastingsorkesteret markere 15. juni med konsert i Oslo. Her kjem det til å vere med mange kjende BlimE-artistar.