8. mai markerer vi frigjeringa av Noreg og vi heidrar våre veteranar. Det er heile 80 år sidan tyskarane trekte seg ut, og Hitler var overvunne. Andre verdskrig var over i Europa. Dagen er òg kjend som V-dagen, eller VE Day (Victory in Europe Day).
I den anledning snakkar Framtida Junior med tre elevar frå Lakkegata skole om Noreg sitt demokrati, sin ytringsfridom og ei mogleg framtid.
Noreg har mindre problem enn USA
– Eg syns det er kjempefint, og at vi er heldige som bur i Noreg. For det første er det eit ganske rikt land, og så er det lite kriminalitet, seier Sverre Jonasson (12).
– Noreg er eit hyggeleg land. Og heile landet kjennest ut som eit veldig stort nabolag, legg Oskar Røsok-Dahl (12) til.

Samtalen dreier seg fort inn på USA og korleis det er å leve der, i forhold til Noreg.
Lykke Tinderholt Morheite Nørholm (12) seier at han forstår at mange er oppgitt over kor dyrt det er å ha hus og slikt i Noreg, men han syns nordmenn sine problem er mindre enn USA sine.
– Om eg skulle bli sjuk, så treng eg ikkje å ta eit val om å gå til sjukehuset eller ikkje. I USA må dei velje om dei skal risikere sjukdomen, eller setje heile familien i gjeld, seier han.
Fridom med grenser
– No er det 80 år sidan frigjeringsdagen i Noreg og Europa. Kva betyr fridom for dykk?
– Veldig mykje, kjem det med ein gong frå Lykke.
– Eg tenkjer at fridom er å ikkje få bestemt for seg kva det er ein skal gjere, seier Oskar.
Men sjølv om fridom er viktig for dei, påpeiker dei at han er avgrensa.
– Det er fridom, men fridom med grenser. Ein kan gjere det ein vil, så lenge det ikkje øydelegg for andre, seier Lykke.
– Du kan vere det du ønskjer, og kanskje andre syns du er dum for det, men det treng dei ikkje seie, seier Sverre.
Sverre drar fram terrorhendinga 25. juni i 2022, der to personar vart drepne, som eit eksempel på kva ein ikkje skal gjere, sjølv om ein er ueinig med korleis andre lever livet sitt.
Fridom til å bli det ein vil
På Sameinte Nasjonar (FN) si nettside, kan ein sjå ein tabell over alle land i verda og grada av demokrati dei styrer med. På denne lista ligg Noreg heilt på topp.
– Det er noko eg tykkjer er veldig dumt med demokrati. La oss seie at ein vel nokre dumme folk, så kan dei endre på lova mens dei er i stillinga, sånn at dei for alltid kan ha stillinga, seier Sverre.
– Veldig mange trur at Donald Trump kjem til å gjere det, seier Lykke.

I USA får studentar ikkje lov til å forske på det dei ønskjer, og ytringsfridomen blir utfordra.
– Eg er veldig glad for at det, i alle fall no, ser ut til at vi får utdanne oss til nøyaktig det vi vil utdanne oss til, seier Lykke.
Men verken Lykke eller Sverre tar det for gitt at det er sånn det vil halde fram, sjølv i Noreg. Lykke håpar det ikkje vil kome ein dum regel som kan endre fridomen til utdanning.
Sverre har mørkare tankar.
– La oss seie at Trump får Grønland, og så kjem dei derfrå ned til oss, og så skjer det mykje rar drit, seier han.
– Det eg er mest redd for
– Er krig noko de tenkjer på?
– For meg, tenkjer eg ikkje på det så ofte. Nokon gongar tenkjer eg tilbake på krigane, og nokon gongar tenkjer eg «hm, det kan hende det kjem ein tredje verdskrig», fortel Sverre.
Han tippar faktisk på at tredje verdskrig vil kome i hans livsalder.
– Men eg gjettar på at det ikkje skjer når vi er barn, seier Sverre.
Ikkje fryktar han det heller, fordi han kjenner på at Noreg er eit hovudsakleg trygt land.
– Det eg er redd for, viss det blir tredje verdskrig, er at vi er komne så langt i teknologi, at om dei store landa går i krig saman, så hadde det blitt atomkrig, seier Lykke.

– Det er noko av det eg er mest redd for, eigentleg. Atomkrig, seier Oskar, og held fram:
– Det er jo veldig skummelt, fordi veldig mange land kan no utslette kontinent, om dei vil.
Lykke tenkjer ein del på krig, og meiner at risikoen er høgare no som Donald Trump sit ved makta i USA, og Vladimir Putin held på i Russland.
– Dei gamlingane der har eit veldig behov for å kome inn i historiebøkene. Så det er skummelt å tenkje på, seier Lykke.
