I fjor lanserte regjeringa Leselyststrategien 2024-2030. Den inneber at politikarane set av pengar til arbeid som skal auke leselysta og leseevna blant barn og unge.
Eksempel på slikt arbeid er litteraturformidling på bibliotek. Dette kan vere at bibliotekarar har bokpresentasjonar eller at bibliotek legg til rette for leseprosjekt.
Lesing som løysing
Lom folkebibliotek i Innlandet fylke er døme på eit bibliotek som har vore opptekne av denne typen arbeid i fleire år.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/01/Merete-e1739274175430-240x300.jpg)
– Dette er noko vi verkeleg brenn for, seier Merete som er barne- og ungdomsbibliotekar på biblioteket.
Merete meiner at arbeid for å betre barn og unge si leseevne er viktig av fleire grunnar:
- For å gjere det lettare å forstå kva som skjer rundt seg: Å kunne delta i samfunnet.
- For å auke evna til å lære seg empati: Å klare å sette seg inn i korleis andre har det.
- For å mogleggjere lesing som avkopling i kvardagen: Å ha eit alternativ til skjerm som underhaldning.
Leseprosjekt
Kvart år gjennomfører biblioteket i Lom eit prosjekt med tredjeklassingane på Loar skule, barneskulen i Lom.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/01/13074-e1738177786115-300x265.jpg)
Dette prosjektet går ut på at bibliotekarane har bokpresentasjonar for elevane der dei viser fram spennande bøker.
I tillegg leverer elevane bokmeldingar av bøkene dei les. Desse bokmeldingane er fargekoda og blir ein del av bokormen som heng på veggen på skulen.
– Vi skreiv litt om boka vi las; hovudperson, andre personar, handlinga, sjanger og så skulle vi gi terningkast, fortel Aksel som no går i sjetteklasse på Loar skule.
Medelev Elise kan fortelje at det var under dette prosjektet at ho knakk lesekoda og begynte å like og lese.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/01/IMG_1749-300x200.jpg)
Sommarles
Biblioteket legg òg til rette for sommarles-kampanjen. Dette er eit prosjekt barn på 1.-7. trinn over heile landet kan ta del i. Det går ut på å lese flest mogleg bøker i løpet av sommaren.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/01/13074-1-e1738177915400-300x298.jpg)
– I Lom har sommarles blitt ein snakkis, og deltakinga har vore blant dei høgaste i landet i fleire år, fortel Merete.
– Sommarles er veldig artig, seier Aksel
Han forklarer at ein deltek i kampanjen ved å registrere kvar nye bok ein har lese i ein app.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/01/Rita-e1739274250692-216x300.jpg)
– Det er veldig artig å lese bøker og etter kvart kome på nye nivå i appen. For kvar tiande nivå får ein kule premiar som ein hentar på biblioteket. Ein kan få sjeldne steinar, armband og klistermerke, fortel Elise.
Rita, bibliotekar og leiar for Lom folkebibliotek, trur at sommarles er noko av det viktigaste som har skjedd for leselyst og lesevne blant unge i Noreg dei siste åra.
– På grunn av dette blir somme barn betre på å lese i løpet av sommaren.