Mange foreldre les ikkje høgt for barna sine

Ein av tre foreldre oppgir at dei les ingen eller få bøker for barna sine.

Forskarar ved Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger har spurt norske foreldre med barn mellom 3 og 6 år kor mange bøker dei les i veka for barna sine.

Då svara ein av tre foreldre at det er ingen eller éi bok i veka, skriv UiS.no.