Gratulera med dagen alle saman! 

17. Mai er dagen me feirar grunnlova. I dag blir det litt ekstra stas for mange, ein dag til glede for store og små.

I dag skal me fylla landet vårt med barnetog og folk som er glade.

Me som er barn i Norge er heldige å bu i eit fritt land, fri frå krig, me får gå på skule, har varme kle, trygge hus, friskt vatn og nok mat.

Så heldige er det ikkje alle barn i verda som er. På min skule er det barn frå mange land. Nokon kjem her frivillig, andre for å søka tryggleik.

Til de som er vaksne i dag, la alle barn i verda få det like godt som oss. Få slutt på krig. La barna få eit godt liv. Pass på naturen vår, sørg for at me har ein klode å bu på og når me vert vaksen.

Eg har aldri skjønt denne ideen med å ete så mykje is ein vil på 17. mai. Det er ein bløff. Eg har aldri fått ete så mykje is eg vil.

Hipp hurra for Norge!