Veit du kva etymologi er?

Kvar kjem eigentleg alle orda me brukar frå?

– Etymologi er læra om kvar orda kjem frå. Det er eit slags detektivarbeid. Nokre ord har me funne på sjølv, nokre ord har me lånt frå andre språk, og nokre ord har me vrengt på og misforstått til dei blir noko heilt anna, fortel forfattar Ragnhild Holmås. 

Ho har skrive boka «Ordenes hårreisende hemmeligheter» som du kan lese meir om her.