«Tenk så godt vi har det i Noreg»

Kjære alle saman! Gratulerer med dagen!

Vi vil fortelje kvifor denne dagen er spesiell for oss og alle barn i Noreg. Men vi snakkar sjølvsagt til alle andre òg.

Barn i Noreg forbinder denne dagen kanskje med is og leikar. Vaksne forbinder kanskje dagen med grunnlova og rettane våre. Vi er glade for at vi bur i Noreg, og at vi kan feire denne viktige dagen. Dette er ein stor festdag i Noreg. Denne dagen blir kalla «Barnas dag», fordi den blir ofte feira med barnetog, og barna står i sentrum.

Akkurat denne dagen i 1814, møttest 112 menn på Eidsvoll. Dei laga grunnlova under styre av Christian Magnus Falsen. Dei viktigaste punkta når dei laga grunnlova var:

Folkesuverenitet, maktfordeling og menneskerettane. I dag har vi alt det der og vi lever godt og trygt i Noreg. Alle får gå på skule gratis. Vi er faktisk kåra til det sjuande beste landet å bu i i heile verda.

Tenk så godt vi har det i Noreg som har fred og ikkje krig. Tenk så heldige vi er. Barna i Ukraina og andre land i krig, dei venter alltid på ein ny flyalarm, og er redde for at faren skal døy i krigen og at familien skal døy. Mange må flykte, og dei opplever masse som ikkje er bra for eit lite barn. Det er mange barn som har flykta til Noreg frå krig, og vi håpar dei også kan ha glede av å feire denne dagen. Her kan barna leve trygt og ha den barndommen barn skal ha. Dei får gå på skule og leike fritt her i Noreg.

I Noreg er retten til fridom grunnlovsfesta, og alle har retten til og bestemme over sitt eige liv. Alle er født med dei same rettane, uansett kjønn, religion eller seksuell legning. Det er vi veldig glad for.

Her i Viksdalen i Sogn og Fjordane, pleier vi å gå i barnetog blåse i fløyte. Vi et enten pølse i brød, rømmegraut eller kjøtkake, men du kan sjølvsagt ete andre ting òg. Vi et masse is og drikk brus og ikkje minst, deltar på leikar! Det er kjempegøy! Vi håpar at alle får ein fantastisk dag har det gøy idag.

Då har vi snakka lenge nok. No vil vi synge ein song som heiter “ Alle fugler”. Det er ein fin vårsong som minner oss om at no kjem fuglane tilbake, dagane er lyse og fine, og det er kjekt å vere ute å leike og plukke blomar. Men før vi begynner og synge, vil vi ønske alle som har lytta ein fin dag.

Gratulerer med dagen!!!!!!

Denne teksten vann andreplassen i skrivekonkurransen vår!