Ei rampete bok om historia til orda

Visste du for eksempel at «servelat» betyr «hjerne», at «Barbie» kjem av «barbar», og «rektor» kjem frå same ord som «rektum» – altså endetarmen?

Forfattar: Ragnhild Holmås

Illustratør: Henriette T. Osnes

Målgruppe: 9–12 år

Målform: Bokmål

Forlag: Aschehoug

LES FAKTALUKK FAKTA

Ragnhild Holmås har skrive boka «Ordenes hårreisende hemmeligheter».

– Det er ei rampete bok om kva orda me bruker, faktisk betyr. Vaksne har mange morosame bøker om kva ord eigentleg betyr, men ikkje barn. Det var urettferdig, synest eg. Vaksne skal ikkje få ha desse gøye løyndommane for seg sjølv, seier Ragnhild.

FORFATTAR: Ragnhild Holmås har skrive bok om historia til orda me brukar i kvardagen. Foto: Agnete Brun

For å finne ut historia til alle orda har ho lese mange kilo med bøker.

– Armane mine har vorte skikkeleg sterke. Ordbøkene har vore på bokmål, nynorsk, norrønt, tysk, dansk, svensk, russisk og engelsk. Eg har sete som ein detektiv med forstørringsglas og lett etter samanhengar, fortel ho.

Skumle ord

Midt i boka har ho laga den første banne-boka i verda for norske barn. 

– Vaksne ingen tilgang! Der avslører eg at uttrykk som «huttemegtu», «fy fasan» og «saft suse» eigentleg handlar om djevelen og helvete. «Huttemegtu» står for «hogg meg i to», fordi ein trudde at djevelen hogg laus på folk. Skummelt! Men i dag er dette heilt uskuldig å seia, fordi betydninga av ord og uttrykk forandrar seg over tid. seier ho.

BOKA: «Ordenes hårreisende hemmeligheter». Foto: Bokomslag / Aschehoug

Kva er den mest absurde avsløringa i boka?

– Mange barn synest det er kult at «guns», altså skytevåpen, er oppkalla etter ei dame som heitte Gunhild. Og mange grøssar av at «hot dog» heiter «hot dog» fordi folk i gamle dagar laga pølser av hundar, fortel Ragnhild.

Sjølv var ho ti år då ho oppdaga kor spennande orda sin historie er. 

– Eg las ei Harry Potter-bok, og Harry har ein lærar som heiter Lupus. Lupus kan bli varulv. Dagen etter hadde me naturfag, og læraren min sa at det latinske ordet for ulv var … Lupus! Det var utruleg gøy, som å oppdaga ei skjult kopling.