Er det lurt å kunna flest mogleg ord?

– Det ligg mykje makt i det å kunne beherska mange ord, seier forfattar Helene Uri.

– Det å kunne ramsa opp mange ord er ikkje nyttig i seg sjølv – men det å vita korleis du kan bruka ord for å påverka andre, er lurt. Då kan du også vera eit talerøyr for dei som ikkje har ei stemme, seier Helene Uri.

GLAD I SPRÅK: – Eg minnast at det å lesa ukjende vanskelege ord gjorde meg nyfiken då eg sjølv var barn, fortel forfattar Helene Uri. Foto: Anna-Julia Granberg

Barn lærer raskt

Ved 1-årsalderen vil eit barn kjenna att om lag igjen 50 ord, i 3-årsalderen vil eit barn kjenna att om lag 1000 ord, og i 5 årsalderen vil barnet kjenna att om lag 10 000 ord, ifølgje Word Counter.