Ver ein insektforskar i sommar!

Forskarane vil ha di hjelp til å telje insekt.

Organisasjonen La Humla Suse arbeider for å ta vare på insekt og spreie kunnskap om dei. I sommar har dei eit prosjekt som heiter «Den ville pollinatorfortellingen», skriv ung.forskning.no. Prosjektet oppfordrar folk til å telje pollinerande insekt.

Det at eit insekt er pollinerande, betyr at dei flyg frå blom til blom for å samle nektar eller pollen. Når pollen blir tatt med frå ein blom til ein annan, får vi frukt og bær som vi kan ete. Eksempel på insekt som hjelper med dette, er humler, bier og sommarfuglar.

På nettsida til «Den ville pollinatorfortellingen» finn du videoar som viser korleis du kan vere ein insektsforskar i sommar. Der får du tips til kva du skal gjere når du finn eit insekt og korleis du kan registrere det på nettsida.