Dette gjer elevbibliotekarane:
- ryddar i hyllene slik at det er enkelt å finne bøker
- hjelper elevar med å finne bøker
- lagar temautstillingar
- leverer inn og låner ut bøker
- fjernar gamle bøker
- skriv ned bokønske frå elevane på skulen
- går rundt i klasseromma for å høyre kva nye bøker elevane vil ha
- stemplar bøker
- anbefaler bøker til elevar
Når Framtida Junior møter dei to sjetteklassingane på Øystese skule, har dei eigentleg KRLE. Men sidan dei er elevbibliotekarar, får dei bruke ein skuletime og eitt matfriminutt i veka på å jobbe i skulebiblioteket Biblis.
Dette er det andre året skulebiblioteket på Øystese skule har hatt elevbibliotekarar. Alle som ønskte å jobbe i biblioteket, måtte skrive ein søknad.
– Eg skreiv at eg likte å lese og rydde, seier Anna Hildonen Teigland (12).
– Eg skreiv også at eg likte å lese. Og at eg likte å hjelpe folk, seier Aurora Gunter Walravens (12).
Det var vanskeleg for skulebibliotekar Tonje Gauden å velje ut kven som skulle få jobbane. Til slutt fekk sju elevar tilbodet om å bli bibliotekar. To av dei var Anna og Aurora.
– Kva tenkte de då?
– Yes! seier jentene i kor og ler.
– Eg blei veldig glad, men lurte litt på korleis det kom til å bli å jobbe, fortel Anna.
Får lese dei nyaste bøkene først
Etter å ha jobba i nokre månader, synest Anna og Aurora det er kjempekjekt å vere bibliotekar. Det aller kjekkaste er når biblioteket får nye bøker.
– Då må vi hjelpe til med å stemple dei, seier Aurora.
– Sidan vi er elevbibliotekarar, får vi låne dei nye bøkene først og lese dei. Då kan vi anbefale dei til andre elevar etterpå, seier Anna.
Men det er ikkje alt som er like lett. I bibliotek får vanlegvis faktabøker eit klistremerke med eit tal på bokryggen, i staden for bokstaven i etternamnet til forfattaren. Bøker om ville dyr har for eksempel nummeret «599», mens bøker skrive av forfattaren Bjørn Sortland, får klistremerke med «S». Anna og Aurora synest det er vanskeleg å sortere faktabøkene rett.
– Vi har foreslått å heller ha bilde av det bøkene handlar om, for eksempel av dyr. Då blir det lettare å finne bøkene, seier Aurora.
Skulebibliotekaren har høyrt på forslaget til elevbibliotekarane og arbeider no med å skifte ut klistremerka med tal.
– Elevbibliotekarane gjer ein kjempeforskjell, seier Tonje. – Eg angrar aldri på at eg lar dei vere med og bestemme, for dei har gode forslag.
Vil halde fram med å lese bøker
Elevbibliotekarane har jobben i eitt år. Anna ønsker kanskje å bli bibliotekar når ho blir stor.
– Viss eg har lyst til å jobbe på ein skule når eg blir stor, trur eg at eg vil jobbe som bibliotekar der, seier Anna.
Aurora, derimot, trur ikkje ho skal bli bibliotekar når ho blir stor.
– Men eg synest det er kjekt å lese bøker, så det vil eg nok halde fram med, seier Aurora.