Demonstrasjonar på Kanariøyane mot turistar

På laurdag kravde lokalbefolkninga færre turistar.

I fjor besøkte 14 millionar menneske Kanariøyane. Dei som bur på øyane heile året, meiner at det er for mange turistar, skriv NRK.

55 000 personar demonstrerte i gatene på dei ulike øyane på laurdag. Dei bar banner med slagord som sa «Kanariøyane har ei grense».

Vil ha ei grense for talet på turistar

Dei som bur på øyane meiner turistane gjer det dyrare å kjøpe bustad. Dei meiner også at det ikkje er bra for miljøet med så mange turistar. Derfor vil dei at det skal vere ei grense for kor mange turistar som kan komme. Dei ønsker også at det ikkje skal bli bygd fleire hotel, og at dei turistane som kjem, må betale ein miljøskatt.

– Vi har nådd eit punkt der balansen mellom ressursbruken og velferda til befolkninga har brote saman. Spesielt det siste året, seier Víctor Martín, som er talsperson for gruppa «Kanariøyane har fått nok», til The Guardian.