Humler kan overleve under vatn i ei veke

Ein ny studie viser at ein viss humleart kan overleve lenge i dvale.

Nokre forskarar frå University of Guelph i Canada oppdaga tilfeldig kor lenge humler kan overleve under vatn. Ved eit uhell hamna nemleg humler som låg i dvale under vatn.

Humlene var av arten Bombus impatiens som lever i USA og Canada. Overraskinga var stor då forskarane fann ut at humlene hadde overlevd. Det skriv CNN.

Etter uhellet gjorde forskarane eit eksperiment med 143 humler i dvale. Dei fann ut at dei kunne overleve i opp til sju dagar under vatn. Resultata blei publiserte i ein studie på onsdag.

Om vinteren går dronninghumlene i dvale og overvintrar i små holer. Forskarane trur grunnen til at humledronningane overlevde under vatn, er fordi dei var i dvale.