Besvimer på jobben

Avsløringar frå Kambodsja viser at meir enn 500 kvinner og menn besvimer på fabrikken dei jobbar ved. Det får nemleg ikkje lov til å spise, drikke eller ta pause på jobb.

Fabrikkane produserer klede for kjente merker, mellom anna Bestseller som produserer Vera Moda og Jack&Jones, skriv Fremtiden i våre hender.

Sulten på jobb

– Eg er sulten størsteparten av dagen. Av og til gøymer eg noko snacks i tøyet, men om eg vert oppdaga, kan eg miste jobben, fortel ei kvinne som er tekstilarbeidar.

Danwatch og The Guardian har vore i Kambodsja for å sjå på korleis det går på fabrikkane som lagar kleda me kjøper. Dei har funne at meir enn 500 menneske besvimte frå januar til juni i år, og at fleire vart innlagt på sjukehus. Desse arbeiderane syr og lagar klede for kjente merker som Puma, Asics, Vans, North Face og Nike.