KrF vil ha forbod mot TikTok i Noreg 

Stortingsrepresentant for KrF, Kjell Ingolf Ropstad, meiner trusselen frå kinesiske styresmakter er så alvorleg at partiet vil ha forbod mot appen.

Ropstad meiner nordmenn ikkje kan føla seg trygge på appen ettersom det er ei kinesisk bedrift som eig den.

Foto: Motionstock / Pixabay

– Det er ei tryggingsutfordring at dei kan få mykje informasjon om norske brukarar og kan bruka TikTok til å påverka befolkninga og spreia feilinformasjon, seier han til NRK.

Det er selskapet ByteDance som eig TikTok. Selskapet blei starta i 2012 av Zhang Yiming. I 2017 blei appen utgitt i land utanfor Kina.