Alle elver i Storbritannia og Irland forureina

Elvevatnet inneheldt mykje giftige kjemikaliar.

Ein rapport viser at alle elvane i Storbritannia og Irland er forureina, skriv The Guardian. Rapporten State of Our Rivers viser at forureining frå kloakk, landbruk og industri gjer elvene usunne.

Rapporten er laga av organisasjonen The Rivers Trust, som har samla data frå 3553 elvestrekk. Dei har sett på kor mykje kjemikaliar som er i vatnet, og korleis det står til med mangfaldet av artar som lever i vatnet. Ikkje ei einaste elv hadde «god generell helse», og elvevatnet inneheldt mykje giftige kjemikaliar.

No håper The Rivers Trust at folk vil presse politikarene til å finne gode løysingar, slik at helsa til elvane kan bli betre.