Språkrådet vil at vi skal skrive «tako»

Det er blant fleire ord dei foreslår å endre.

Språkrådet arbeider for å styrke norsk språk. Dei gir råd om korleis vi skriv norsk.

No ønsker dei at nokon ord med «c» skal skrivast på ein meir norsk måte, med «k». Eitt av desse orda er «taco».

– Vi uttalar det allereie på ein norsk måte, og bør kunne skrive det på ein norsk måte, seier avdelingsdirektør Daniel Ims i Språkrådet til TV 2.

Språkrådet har berre sendt ut forslag om dette no. I juni skal dei bestemme om «tako» er eit ord som kjem inn i ordboka.