Prisdryss til filmen «Ibelin»

Prisane held fram med å renna inn for norske «Ibelin». Dokumentaren om Mats Steen vann både publikumspris og regipris under Sundance-festivalen.

FIlmen «Ibelin» fortel historia om gamaren Mats Steen, som døydde 25 år gammal av ein muskelsjukdom. Foreldra hans sørgde over det dei trudde hadde vore eit einsamt og isolert liv, då dei plutseleg byrja å få meldingar frå online-venner av Mats over heile verda.

I filmen får me eit innblikk i hans rike liv i den digitale verda. Filmen er oppkalla etter avataren Steen brukte i spelet «World of Warcraft». Historia vart først fortald i NRK i 2019 og fekk stor merksemd.

Mange prisar

«Ibelin» hadde verdspremiere i Sundance i januar, der han vann prisar både for beste regi og publikumsprisen. Den vart samtidig vist på Tromsø filmfestival, der han også vann publikumsprisen. På Gøteborg filmfestival i februar vann han Dragon Awards, prisen for beste nordiske dokumentar, ifølgje Filweb.no.